|
Fugleøya
Herdla er den rikaste fuglelokaliteten i Hordaland
med meir enn 230 registrerte arter. Det er dei
spesielle naturforholda med strender og store
gruntvassområde som gjer at fuglane søkjer til Herdla. Særleg under trekket vår
og haust er aktiviteten stor. Mange artar, særleg vadarar, tek då ein matstopp
på Herdla før dei held fram mot målet sitt. Nokre artar, særleg andefuglar, blir
verande og kan treffast på Herdla gjennom heile vinteren. Av omsyn til fuglelivet
er Herdlevalen og dei tilgrensande øyane og sjøområda, underlagt vernerestriksjonar.
Det strengaste vernet har Prestvika nord på Valen der det er ferdselsforbod i
hekketida. Samstundes som fuglane skal sikrast ro, er det også lagt opp til at
du skal få oppleva fuglelivet på øya.
Besøk Herdla
Herdla har mykje å by på. Her er både museum, kafe, golfbane og overnattingstilbud.
Det er dessutan flotte turforhold, og gode fiske og badeplasser på øya. I Herdlevågen
er det offentleg kai, det er også råd å leggja til med båt i Herdlesundet og på
Skarvøy. Vindsurfarar og kitarar nyttar Herdla som base gjennom heile året. For
padlarar er øya eit godt utgangspunkt for
turar både langs Askøy og over mot Meland.
Når det gjeld fotturar sjå punktet: ”Turstier”. Herdla golf har i dag ein 6 hols
bane der vert spelt gjennom heile året. Se www.herdlagolf.no
Anten ein driv med aktivitetar til lands eller til vanns, er det viktig at ein
tek omsyn til det sårbare fuglelivet. Dette gjeld særskilt i hekketiden, men også
resten av året er det artar på Herdla som ikkje bør forstyrrast.
|